gen_144.1.gif
Småbrukarkona Avviklinga av den norske bonden Forlaget e-mail me

  Småbrukarkona fortel

er ei samling med artiklar som Sigrid Øvrebotten skreiv i Bergens Tidende
frå 1964 til 1971. Ho skreiv under dekknamnet ”Småbrukarkona” og
skildra livet 
på ein liten vestlandsgard i Botnane i 1960-åra.

Det var BT-journalisten Ragnar Ulstein som førde Sigrid Øvrebotten og BTsaman. Artiklane vart illustrerte av Sverre Bø, som var teiknar i
Bergens Tidende i 20 år. – Boka har historisk interesse. Sigrid skreiv
i siste liten, seier Ragnar Ulstein i artikkelen ”To talent –
småbrukarkona og avisteiknaren”.

- Det er til dykk eg vil skrive, kjære småbrukarkoner! De som lik meg fekk slitet i bryllaupsgåve (det var no ikkje pent sagt, men..), då vi gifte oss med  odelsguten på den vesle garden. Slik byrjar det fyrste stykket i boka, om ”Den vrangsnudde sumaren” i 1964.

- Dette er småbrukarkona sin rapport frå samtida. Det er ikkje så mange av dei som har kome til ordet. Difor kjem denne boka ut, skriv dottera Magni Øvrebotten i føreordet.



Ting boka direkte!

Boka kjem ut på Vestlandsforlaget, Bekkevegen 13, 6817 Naustdal, og kan tingast på  e-post: Vestlandsforlaget@gmail.com eller mobil 932 37 073.

Ho kostar kr. 250,- pluss porto kr. 63,00 og oppkrav kr. 69,00.

Ein kan sleppe oppkrav med å sette inn kr. 313,00 (for bok og porto) på kontoen ”Småbrukarkona” nr. 3705 1849710, i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Boka er til sals:

  • Bokhandlane i Førde og Florø
  • Sørvistorget Bremanger kommune, Svelgen
  • Holmen Atelier, Kalvåg
  • Høyanger Bok og Papir
  • Dale bok og papir
  • Eikenæs Libris